Ginnungagalder
Jotunspor
Um ljod bed eg alle
Helga lydar
Store og småe
Søner åt Heimdall
Det vil du, Valfader
At vel eg fortel
Frå fyrndeheim
Det som fyrst eg minnest
Jotnar eg minnest
I upphav borne
Dei som fordom
Meg fostra hadde
Nie heimar
Nie innvere
Heilagt stortre
Fyrr det spratt or mold
Årle I old
Var det Yme bygde
Korkje sand eller sjø
Eller svale bylgjur
Jord var ikkje
Upphimmel ikkje
Gap var Ginnunga
Men gras var ikkje
Fyrr Burs søner baud
Bøar seg lyfte
Dei som Midgard
Mætan skapte
Sol skein sunnan
På steinar I sal
Då grodde grunnen
Med grønan lauk
Sol kom sunnan
Syster åt månen
Slo høgre handi
Um himmelhestar
Sol ikkje visste
Kvar salar ho åtte
Måne ei visste
Kvar makt han åtte
Stjernur ei visste
Kvar stader dei åtte



Comentarios
Envía preguntas, explicaciones y curiosidades sobre la letra
Forma parte de esta comunidad
Haz preguntas sobre idiomas, interactúa con más fans de Jotunspor y explora más allá de las letras.
Conoce a Letras AcademyRevisa nuestra guía de uso para hacer comentarios.
¿Enviar a la central de preguntas?
Tus preguntas podrán ser contestadas por profesores y alumnos de la plataforma.
Comprende mejor con esta clase: