Songen Åt Fangen
Vreid
So lagde dei lekkjone på meg
og klaven kring halsen min batt.
Helsa mi pinte dei tå meg,
men hatet sit enno att!
Å, hadde eg kulor og knivar
som rokk dit eg vilde no,
Gud nåde då lensmann og skrivar,
- dei lagdes snart lik båe tvo!
Å, var eg so giftig som pesten,
og ill som ein eiterormstyng,
Gud nåde då fengselspresten,
som går her og preikar og syng!
Kvi fa'n kjem den kallen inn til meg,
som song og hallelujadikt?
Kva svartaste er det han vil meg med
våset um anger og slikt?
Eg eig ikkje anger i bringa,
og kjem eg meg ein gong på dør
skal kniven på ny eg svinga,
med kaldare hat enn før!



Comentarios
Envía preguntas, explicaciones y curiosidades sobre la letra
Forma parte de esta comunidad
Haz preguntas sobre idiomas, interactúa con más fans de Vreid y explora más allá de las letras.
Conoce a Letras AcademyRevisa nuestra guía de uso para hacer comentarios.
¿Enviar a la central de preguntas?
Tus preguntas podrán ser contestadas por profesores y alumnos de la plataforma.
Comprende mejor con esta clase: