Ut i skuma
Lokkar til meg
Kvite ramnen
Duld og dvelande

Høyr eg spør!
Lend meg ei fjør
Så skal eg verkje
Vingar kvite

Lat oss flyga
I vide vindar
I hugjen veida
Med songen seida

Høyr eg spør!
Lend meg vidsyn
Lat meg skilje
Sjå i skodda

Høyr eg spør!
Lær meg songen
Som deg freistar som meg freistar
Som deg finn som meg finn
Vil du meg fylgja
I all mi tid?
Vil du meg varda
I all mi tid?

Gygrefugge
Gav meg vingar
Kvite korpa
Gav meg sjon
Galdrekråka
Gav meg songen
Kvite vingar
Fylgjer meg

Send Translation Add to playlist Size Tab Print Correct