Binder deg til meg
Trådar tri eg tvinner
Tri gongar gjél for deg
Tri songar syng for deg
For å skilje
For å sjå

Kvér eg yver deg
Ramme runar hjalar
Ris opp med Hugen
Rir ut med Hugen
No vender eg mi vise
Den fylgjer nye far

Spinn spinn, viljen vinna
Songen vevjar andevind
Hugen veljer, hugen vinn
Tråden tvinnar, tråden bind
Under måne yver haug
Under galge talar daud
Vidt eg fér Vidt eg ser

Dulram, vart eg under hengd mann
Galdra vaken daud mann
Hamram, fór eg yver land
Fór eg som ein gand
Tvinna rangsols
Ragn-frod
Ser eg, er eg alt
Vil eg, vinn eg alt

Eg var og eg er vind
Eg er vinda, vevja
Hapt og tvinna

Til deg som søkjer
Til deg som treng
Åi rinn mot nord og ned
Åi svinn mot nord og ned
Ber det du bannar
Sender det du slepp

Til deg som veljer
Til deg som vil
Kved til songen syng deg
Kved til songen slepp deg
Dvergmål skiljer
Skugger viser veg

Send Translation Add to playlist Size Tab Print Correct
Written by: Einar Kvitrafn Selvik. Isn't this right? Let us know.